Hjortejakta 2002

Årets hjortejakt starta den 28 september
med det verste jakt veret ein kan tenkje seg.
Skikkeleg regnveir var det i alle fall, oppmøte var som vanleg på "Bjønnslødetråppa",
men etter kvart tok vi det nye slakteriet i bruk
Årets fyrste vart felt av Jan R på "Dyrlaugmyra"
rett etter middag
Dette var ein fin tolvtaggar.
Dette vart også resultatet for denne helga.
Denne helga starta med ein dårlig dag Laurdag , med mykje gåing intet
resultat,vinden bles feil vei og hjortane sannsylig
i feil land.
Det var dessuten
både vått og kaldt.
Søndag bestemte vi oss for å prøve noko nytt og dermed så var det
"hjort".
Det enda med "stor-kanonade" , med tre bukkar før middag. Og
ein bukk og to kalvar etter maten.
Den som utmerka seg som den store hjorteskyttaren var Per Ulvestad, mange årig
gjest her i valdet
Her flankert av
jaktsjefen Are Steinvåg.
Det vart faktisk svert mykje å gjere i slakteriet i dag

HELG 3.
Denne helga starta brått og ikkje heilt uventa, tidlegare i veka
skaut eg ein "koffar".
Og laurdags morgon skaut jakt-sjef Are ein fin tre greinar.
Dermed stod det att berre ein kalv og helgas jakt vart då
avlyst.
elles så gjekk no den tradisjonelle delinga av stabelen
Torsdag den 17nde, datt også den siste kalven, bøddel her var
underteikna.
Dermed er årets jakt i Nørdalen over for i år