Håkonsholmen er ein gamal handelstad frå midten av 1600-talet . Seinare vart staden også tilhaldsstad for sorenskrivaren . Materialane som er utgangspunktet for jekta som no er under bygging , skriv seg truleg frå ei jekt som høyrde til Hans O.Ytredimmen og som han leigde vekk til Nils Jakobsen Myklebust som då eigde Håkonsholmen . Dette var i 1740 – åra og er soleis ei jekt frå same tidsepoka som Hans Strøm skildrer i ” Beskrivelse av søndmør” som kom ut i 1762 .
Deler av tekst og teikningar har tidlegare vore offentliggjorde på : 1. Foredrag ved seminaret ” Arkeologi og kystkultur ” på Sunnmøre museum 25 – 26/10 – 1997 . 2. Foredrag ved båttreffet på Sunnmøre Museum 1999 .
3. ”Båtbord
på veggar og tak” . Seminar på
Herøy kystmuseum den 1. og 2.
April 2000 .
Det
var Kjell Håvard Hatløy som sommaren 1994 fortaIde meg om restane av ei jekt
som er å finne i eit naust og på ein lødevegg på Håkonsholmen utanfor
Ulsteinvik .
Etter båttreffet i Borgundgavlen der professor Arne Emil Christensen var kåsør tok vi turen til Håkonsholmen .
Det som slo
meg med det same eg såg dei tre nedste borda og med restane av ein hu som
måtte vere
omlag midt i båten, var den forholdsvis store krumminga som borda hadde, og som
slett ikkje stemmer med det ein hadde venta seg på ei jekt .
På
ettersommaren var eg ut saman med Kjell Håvard og teikna opp alt vi fann og som
kunne stamme fra jekta .Eg starta opp arbeidet med jekta ut i frå ynskje om at
klarar eg å få ein båt av det, så ligg allereie det i overkant av kva dei
fleste trudde var mogeleg .
Etter kvart
som eg jobba, endra eg målsetjinga til at med det foreliggande material skulle
ingen kome nærare
ein truverdig rekonstruksjon enn eg. Dette hadde jo sammenheng med at
det skal noko til at nokon med tilsvarande bakgrunn ville kunne ofre eit
halvt år eller kanskje
eit år på jobben utan å ha noko for det. Den ramma er sprengd for lenge sidan , men so ser det no ut for å bli jekt .og då tykkjer eg det har vore bryet verdt .
Denne viser
midtpartiet av dei 4 nedste borda i eit 4 m. langt flak. At det er frå midten
viser skjervingane og at flaket er breidast på midten. Naglehol som eg har
merka med 13,14 og 15 viser at der har vore eit ekstra spant, og det er då
rimeleg å tru at det har vore plassert der på grunn av mastra. Vinkelen mellom
bord l og 2 rekna nedanfrå , viser at dette er det nedste bordet .
Ytterligare
særtrekk er naglehol nr. 1- 5- 9 -19- 23. Eit eller anna må ha vore fastneglt
mellom spanta , og det er rimelig å tru at det har vore innfelt plankestubbar for å halde austren vekke i frå lasta når jekta rulla. At jektene har vore utstyrt med tylefar er eg nokså overtydd om når eg ser at med eit 4 toms høgt kylsvin vil dette fylgje 4.bordet frå framkne til bakkne
.
Dette har
verka stabiliserande i og med å hindre tyngdepunktsforskyving i sjøgang. Å
kalle det verdas fyrste stabilisatortank er kanskje å gå litt langt , men kven
veit ? Sunnmøringane har vore fyrst med så mangt , så kvifor ikkje .
Her har eg
laga eit diagram over dei 3 vestlandsjektene som finst att , nemmeleg
Holmedalsjekta , Skåsheimsbåten og Holevikjekta ,og rekna med at sunnmørsjekta
ikkje skiIde seg mykje ut når det gjaldt forholdet mellom lengd, breidd og
djupn .Sistnemnde er så spesiell at eg har lagt kurven litt ned, som eg trur
stemmer betre med ei 1700-tals bondejekt . Eg har også lagt inn ein kurve for
L/B , og det er særleg denne som gjer at eg ikkje torer å bruke Holevikjekta
fullt ut .
Kor mykje kan ein lite på ei
slik kurve ? Etter ca.40 år i industrien er eg ikkje i tvilom at det er både
den enklaste og lettaste måten å kome fram til eit bra resultat. Som eg skal
vise
seinare er avstanden frå
spunning til rip ein tilnærma rett verdi for denne båten. Botnreis og
kimingsradius har liten innverkning på dei andre variable verdiane.
Her har eg
variert halvbredda med l0 cm. smalare/breidare båt. Resultatet er at djupta
vert høvesvis 1,83 og 1,53 M. På skisse 2 ser ein då at korkje bredde og
djupn med blått , eller grønt verkar særleg truverdig. Skal eg bruke same
forholdet mellom L og B som på Holevikjekta må eg nesten redusere lengda med
ein halv meter, men i så fall blir djupna 1,76 M. , og dersom dette er rett
burde Holevikjekta vore 3,35 M. djup. Men den båten er djup nok
!
De får
orsake at eg brukar så mykje tid på desse kurvane, men de må ha forståelse
for at det fins ikkje andre tekniske opplysningar om vestlandsjekter enn det
Hans Strøm har skreve ; og det som går fram av desse 3 jektene.
Mitt problem
har då vore at Holmedalsjekta er på 3 lester og Holevikjekta er på 62 lester.
Eit
glimrande utgangspunkt for ein kurve, men ingen ting om sunnmørsjektane som H. Strøm seier var fra 10 til 30 lester .
Eg har
tillete meg å lage ein kurve med lester som funksjon av lengda og her er då Håkonsholmjekta
hamna på 15 lester. Dette ligg også nokså nær det eg har rekna ut. Det er
greitt at ein lest er 12 tunner , men spør du nokon kor stort kubikkinnhald
dette er, så får du problem med å få eit eintydig svar. Å byrje med å
stable tunner på ein modell har i alle fall ikkje eg tenkt å prøve på , og
langt mindre på ei teikning .
I året 1800
viser inngåande tollbok at vel 200 Nordlandsjekter kom til Bergen. Den største
var på 34
lester og den minste på 2 .Dei minste jektene kom frå Namdalen, og om desse
seier Gøthe Gøthesen i Norskekystens fraktemenn : (Sitat)
" Disse
var stort sett på 6- 7 lester og kan kanskje ha vært bortimot 35 -
40 fot lange "
Sitat slutt .
Den blå
prikken er på 6,5 lest og 38,5 fot. Dette tilsvarer det som på sunnmørsk
kallast for
Tendringar
eller Sambøringar
Viser
bordbredden bakanfor / framanfor mastra på dei 4 jektene. Her har då Håkonsholmjekta
den typiske framenden som ein finn på alle andre sunnmørsbåtar .
Viser spantprofiler av spanta frå
forskipet. Midtspantet slik eg trur det har sett ut innteikna
med raudt .
Tok for moro
skuld og samanlikna spant "a " med fasongen på spant 17 på Færøyvik
si linjeteikning av Holevikjekta .Dette har då samanheng med at HoIevikjekta
har bein kyl medan eg måtte lyfte kylen omlag i frå fremste tredjeparten for
at springen eller øvste bordet skulle få eit rett forløp .
I og med at
ein har oversuda på bord nr. 4 har ein undersuda på bord 5 , og som finst i
2,5 m. lengde midt i båten. Dette ser ein av krumminga, men også av eit
nagleho1 for ekstraspantet.
Viser bord 6 og 7 .Bord 6 er
mykje smalare enn dei andre og nesten beint. Dette gjer at ein kan plassere det
i overgang botn/kiming og i område der ein har den største svengja mot
spegelen
.
Det høyrest
kanskje rart ut, men bord 6 var det vanskeIegaste å plassere, eller det som
kravde
mest av
tilpassinga av dei andre tilstøytande borda .Men når det var gjort , er det
dette bordet som gjer meg mest sikker på at eg er komen fram til korleis båten
må ha sett ut. Når ein har vinkelen mellom 6 og 7 i spantet ( skisse 5
"B"), så er bordet i virkeligbeita fastlåst til å vere berre på
ein plass, nemleg den rette . Eg jobba vel omlag ein månad med desse borda .
Ein må hugse
på at eg visste jo ikkje bordbreddene eller vridningsvinklane , spesielt på 4
og 5 akter, men som nærmast vart ei fordelingssak når 6 var plassert .Legg
merke til vinkelen mellom 6 og 7 på skisse 7 som stemmer med vinkelen på
spantet. At dei to bordeiningane gjeld dei same to borda er heller ikkje særleg
tvil om .At ein finn minst slitasje på nr 7 viser at det må ha vore på ein
godt beskytta plass på båten og det finst vel ikkje betre plass i så måte
enn der det
er .
Det som har forbausa meg mest er
at alle delane som er att av denne båten kvar på sin måte gjev ein så
tydeleg karakteristikk av plassen dei kjem frå og dermed fortel korleis båten
har
sett ut, og med marginar på ned
til ein halv centimeter på bordforløpet for å kome fram til rett
fasong .
Desse borda
fortel jo med ein gong kvar dei høyrer heime. Vinkelen mellom borda , og at dei
er nesten beine i tillegg til at det øvste er breidast i akterkant fortel at
det må vere nr. 10 og
11 .
12 kan det ikkje vere , til det
er det for smalt og så har det saumrad i overkant frammanfor ein eventuell væng
.
Kvifor kan
det ikkje vere nr. 9 som manglar heilt ?
Då må ein sjå på området
som 8,9 og l0 skal dekke. Bord 6 som ligg i største innsvingen på spegelen er
breidast akter. Bord 7 er praktisk talt jamnbreidt .Bord 8 er då kome opp i det
området på spegelen der denne skal dekkast av same borda som skal dekke den
delen av kiminga som krev dei breidaste borda på midten av båten. Difor må
dette bordet nødvendigvis smalne akterover. Det same gjeld i endå større grad
nr. 9 som er kome opp i den delen av spegelen som er mest runda og som må vere
smalast akter .
Ja, så har ein berre 10 og 11
att , og det passar som hand i hanske. Sjå berre teikninga til
Hans Strøm eller maleri av Hans
Gude av vestnorsk jekt så skynar ein at bord 11 kan vere
breidast akter .
Framenden på
jekta er ikkje mykje å seie om. Spanta gjev ikkje så stort spelerom : Spant 3
(skisse 5, fig."C") såg ut for å vere skamfert i og med at det hadde
eit hakk på innsida og var avhogge på tjukta. Eg grunda på dette i fleire månader
og trudde vel ikkje at eg skulle kome til noko løysing på dette . Men som så ofte før var det Hans Strøm som skulle gi
svaret .
I motsetning
til alle andre jekter langs kysten var sunnmørsjektene , og no får eg sitere Strøm :
"Foran
forsynede med en kort kabysse eller halvdæk hvorunder står et fyrsted tillige
med
nogle
senge til tieneste for skibsfolket som der har sitt tilhold ".
Såre enkelt, ikkje sant; mannen
i overkøya eller båtbyggjaren har ganske enkelt garnert mot spanta for å få
det "mer bekvemt" .
Det er jo fjerna ein del av
spantet, men av same grunn får ein ei bein line over dei tre berørte spanta i
sengehøgde .Det kan no hende at det er gjort for å halde turre sengekleda og
det skal ikkje forundre meg at dei to ekstra borda framme er plassert der av
same grunn .Framleis kallast fremste bordet på fjørefar for Kjempene og
uttrykket Underkjempene som har vore i bruk om nest øvste bordet kan godt hende
skriv seg nettopp i frå jekta der eg personleg har vanskar med å skyne at det
kan kallast noko anna .
At det var
vanskeleg å få heilt tett er lett å forstå når halvdekket måtte ligge ut
mot bordinga , så kjempene kom nok godt med for å halde sjøen av båten .
Eg spør meg
sjølv om han som har brukt båtrestane har tenkt at når det går eit par
hundre år vil gjerne ein eller annan verte nyskjerrig på kva slags båt dette
har vore og difor har han med omhug valgt ut akkurat så mange deler at ein
skulle ha ein rimeleg sjans til å få dette til. Dette er sjølvsagt berre tull
og må ikkje oppfattast for anna , men eg tykkjer det er ganske fantastisk at
ein med dei relativt små mengdene med material har så mange haldepunkt at
halvparten av rekonstruksjonen etter mi meining ligg innanfor ein feilmargin på
eit par centimeter og for resten på eit par tommar .
Skisse 9 viser ei samanlikning av jekta med andre sunnmørsbåtar som var i bruk på Hans Strøm si tid.
Skisse 10 viser ei samanlikning
av Håkonsholmjekta i svart og skilnaden på denne og ei stor jekt på 22 lester
som er berre 1,25 m. lenger .Den viser også at ingen av desse kunne ta råa ned
på vaterbordet , noko som etter mi meining heller ikkje var ynskjeleg .
SUNNMØRSJEKT
Saxe Bjørkedal.